Oddgeir Bruaset (f. 1944) vart fødd i Måndalen i Romsdal i adventstida og er journalist, forfattar og programleiar. Mest kjend er han frå NRK-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» (2001–2014). Han er også ein etterspurd foredragshaldar. Han har teke imot ei rad prisar og utmerkingar for arbeidet sitt, mellom anna Kongens fortenestemedalje i sølv i 2009 og heidersprisen under Gullruten i 2015.
Bruaset har skrive fleire bestseljarar, mellom anna Jul der ingen skulle tru at nokon kunne bu.
Foto: Staale Wattø