Intervju

Sår, alvorleg og morosam bok om venskap, sorg og ei hemmeleg bok

Publisert: 2024-02-12 Last modified: 2024-03-11
page_heading_img

Gunnars rekordbok av Anders Totland er ei sterk soge om eit nært venskap mellom to gutar. Og om ei heilt spesiell og hemmeleg bok. Vi har prata med den kritikarrosa forfattaren om den rykande ferske romanen som er hans første skjønnlitterære utgiving for barn.

 

image

Korleis fekk du ideen til Gunnars rekordbok?

Første gong eg kom på tittelen, som var der det starta, var på besøk hos familien min på Austlandet for sånn ca. fem år sidan. Då var ideen at eg skulle skriva ei bok om alle andreplassane. Andremann på månen, verdas nest raskaste bil og så vidare. Men eg slo ganske raskt frå meg den ideen, men heldt fast på tittelen. For kanskje det heller kunne vera ei litt anna slags rekordbok? Så kom ideen om at det kunne vera hovudpersonen i ei skjønnlitterær historie som skreiv si eiga rekordbok. Den første rekorden eg fann på (men som ikkje er med i boka), var verdas eklaste pålegg: Bugatti. Det er det du får når bøllene i klassen smører busane sine utover nugatti-skiva di. Men som sagt, det blei ikkje med.

Kan du fortelje litt om prosessen med manuset?

Planen var at det skulle bli ei Leseløve, altså ei lettlest biletbok. Og eg trudde lenge det skulle bli det, òg. Men så ville det seg liksom ikkje heilt. Eg kunne sjølvsagt ha skulda på sviktande samarbeid med fleire forlag, men sanninga er nok at eg ikkje fekk det til så godt som eg hadde håpa på, og trudde. Men så sende eg det vesle biletbokmanuset til Johanne Hille-Walle i Vigmostad og Bjørke. Ho likte karakterane og universet, men såg ikkje føre seg at det kunne bli biletbok. Derimot ville ho gjerne at historia skulle få veksa vidare, til ein barneroman. Eg må innrømma at eg først såg på det som ei ganske kjip tilbakemelding, sidan det betydde at biletboka eg hadde prøvd å skriva, ikkje kom til å bli noko av. Men så, etter kvart, fann eg ei ny form på historia. Karakterane fekk utvikla seg, historia breidde seg ut, og brått ein vinterdag, medan eg sat på eit hotell i Gudbrandsdalen, forstod eg kva det var som mangla. Endeleg - etter nesten fire års arbeid - forstod eg kva historie Gunnar hadde å fortelja oss.

«Dessutan har han ein far som alltid lagar middag til ein ekstra, og er verdas blidaste mann - men som likevel ikkje klarer å smila med heile ansiktet når han spør Gunnar om korleis det går heime.»
Den kritikarrosa forfatteren Anders Totland har skreve 16 bøker, men Gunnars rekordbok er hans første skjønnlitterære utgiving for barn.
Den kritikarrosa forfatteren Anders Totland har skreve 16 bøker, men Gunnars rekordbok er hans første skjønnlitterære utgiving for barn. Foto: Helge Skodvin

Hovudpersonen Gunnar er ein fin fyr lesaren raskt blir glad i. Han er litt forsiktig, men tar også ansvar. Kven er eigentleg Gunnar?

Det er akkurat det eg har prøvd å finna ut av dei siste fem åra. Men eg trur han er ein ganske vanleg gut, som gjer så godt han kan med dei forutsetningane livet har gjeve han. Og fordi han ser på faren og folk rundt seg med varme og forståing, klarer kanskje lesaren å gjera det same, sjølv om det ikkje alltid er like lett.

Bestevennen til Gunnar er Sivert, og lesaren skjønner at dei to tek vare på kvarandre på ulike måtar. Korleis er Sivert som type?

Sivert er ikkje akkurat den som gjer mest utav seg. Men han er likevel den som betyr aller mest for Gunnar. For sjølv om han er redd for mørket, misliker at ting går for fort, synes at det er dødsskummelt at mora har begynt med birøkting i hagen, og helst vil vera heime hos seg sjølv, er han trass alt verdas beste ven og nabo. Dessutan har han ein far som alltid lagar middag til ein ekstra, og er verdas blidaste mann - men som likevel ikkje klarer å smila med heile ansiktet når han spør Gunnar om korleis det går heime.

«I boka kan han setja ord på kjensler og tankar som kjennes heilt umogleg å snakka med nokon om. I alle fall viss han finn dei rette orda. For det er heller ikkje alltid så lett, sjølv om ein berre skal skriva det ned for seg sjølv.»

Vi møter fleire karakterar enn Gunnar og Sivert i boka. Kven er Vilde og Birger?

Vilde er den finaste jenta Gunnar veit om. Men òg den tøffaste. I tillegg til venskapet med Sivert, er Vilde den einaste som får Gunnar til å strekka seg ut av dei nokolunde trygge rammene i kvardagen. Birger er derimot ein litt irriterande type, men til gjengjeld synes eg sjølv at han kanskje er den mest interessante karakteren i heile boka. For sjølv om dei dramatiske hendingane som dannar ramma rundt livet til Gunnar heldigvis ikkje er noko som ungar flest har erfaring med, trur eg likevel at dei aller fleste kan kjenna seg igjen i nokre av karakterane i boka - på godt og vondt. Og Birger er ein sånn som ikkje heilt får til dei sosiale kodane, som kanskje prøver litt for hardt, og ikkje heilt forstår konsekvensane av det han seier og gjer. Men som trass alt meiner det godt. Dermed får han òg fram nokre av dei mindre sympatiske sidene ved Gunnar, som elles er veldig lett å lika. Birger er rett og slett ein liten diamant for dramaturgien og historia. Det krevst berre litt av lesaren for å sjå korleis han får det til å skina.

Som tittelen viser, så spelar rekordar ei stor rolle i livet til Gunnar. Korleis bruker han dei til å skape ein meining eller retning i kvardagen?

På mange måtar fungerer rekordboka som ei slags dagbok for Gunnar. Han skriv om småting i kvardagen, men òg om dei verkeleg store tinga. Og det er kanskje det som er det aller viktigaste: I boka kan han setja ord på kjensler og tankar som kjennes heilt umogleg å snakka med nokon om. I alle fall viss han finn dei rette orda. For det er heller ikkje alltid så lett, sjølv om ein berre skal skriva det ned for seg sjølv.

«Birger er rett og slett ein liten diamant for dramaturgien og historia. Det krevst berre litt av lesaren for å sjå korleis han får det til å skina.»

Boka er både morosam og tydeleg forankra i kvardagen til lesaren. Men det er også eit alvor som ligg under Gunnars historie. Kva har du ønska å formidle?

Eg synes alltid det er vanskeleg å setja ord på kva eg eigentleg ønsker med bøkene mine, og spesielt om det er noko eg ønsker å formidla. For i utgangspunktet ønsker eg berre å skriva bøker som kan gje folk gode leseopplevingar, anten det er morosamt, trist eller rørande - eller om det gjev deg ein skikkeleg vond klump i magen. Men akkurat med denne boka har faktisk nokon andre formulert det så godt, at eg berre siterer henne. For då barne- og ungdomsbibliotekar Ingrid Leithaug Mjanger hadde lese manuset i samband med planlegginga av nokre arrangement med biblioteket, skreiv ho (i tillegg til at det er ei heilt nydeleg bok) at boka er ei påminning om at smarte, sjølvstendige barn også er barn. Det synes eg var veldig fint sagt, og godt sett.

Du har skrevet mange bøker i ulike sjangrar. Korleis skil Gunnars rekordbok seg frå dei andre utgjevingane dine?

Eg har både skrive biletbøker før og sakprosabøker for mellomtrinnet. Men dette er min aller første roman for barn. Det er altså den første lange forteljinga eg har skrive for denne målgruppa, noko eg har likt veldig godt. Og det er forresten ikkje heilt sant. For då eg begynte å skriva - men før eg fekk gjeve ut bøkene eg skreiv - var det dette formatet eg prøvde meg på, igjen og igjen. Eg fekk det berre ikkje skikkeleg til. Ikkje før etter å ha gjeve ut 15 andre bøker. Men no er eg her. Endeleg.

Har du jobba annleis med dette manuset, sidan det er skjønnlitteratur for mellomtrinnet?

Nei.

noimg

Du reiser rundt mange skulebesøk. Skal du ha med deg Gunnar ut på turné denne våren?

Planen for våren var lagt lenge før boka var ferdig, så det blir ikkje rekordbokturne denne våren. Men eg skal likevel møta ein heil del ungar og lesa frå, og snakka om, boka, sidan eg har planlagt å feira boka saman med biblioteka både i Bergen, Kvinnherad, Fitjar og på Bømlo. Og så kryssar eg fingrane for at nokon vil ha Gunnar og meg på skulebesøk neste sesong.

Kva skriv du på no?

Akkurat no held eg på legga siste hand på min neste roman for vaksne, som kjem ut seinare i år. I tillegg jobbar eg med ei ny barnebok for mellomtrinnet, mi neste sakprosabok for ungdom og noko som eg håper skal kunna bli ein serie med mange bøker framover. Det er nok å gjera på, altså.

Page related products

Bidragsytere
Loading...